Omlag 25 personar tok sitt eige liv i Møre og Romsdal i fjor.
I år har fem menneske tatt sjølvmord i vårt fylke.
Men no skal Ålesund kommuen og Helse Sunnmøre samarbeide for å hindre nye sjølvmord. I mars skal dei samle tilsette i politi, omsorgstenesten, lærarar, kyrkjetilsette og helsepersonell for å lære dei å snakke med menneske og avdekke eventuelle sjølvmordsplanar. Det fortel leiar av krisetemet i Ålesund kommune, Tore Johan Øvstebø.