Sprekkene i fjellet vert større for kvart år.
Foto: Åknes/Tafjord-prosjektetÅknesremna i Stranda på Sunnmøre er eit av verdas mest overvaka fjellparti. Geologar er sikre på at fjellet ein gong vil rase ut i fjorden, men ikkje når det vil skje. Og det er avansert og banebrytande instrument som vert brukt for å halde auge med fjellsprekkene. No er ein i gong med å installere verdas lengste sensor 150 meter under overflata. Denne skal kontrollere rørsler og temperatur.
– Den største spaninga er om vi klarer å transportere utstyret opp i fjellet. Det er alltid ein risiko for at det kan gå gale, seier Kjell Jogerud, som er dagleg leiar ved Åknes/Tafjord beredskap.
Utstyret som kostar 2,5 millionar kroner vert frakta opp i fjellet med helikopter og det bør helst skje utan skader.
LES OGSÅ:
Her vert skredfaren på Åkneset simulert.
Tsunami
Dei siste 10 åra har det ustabile fjellpartiet blitt overvaka døgnet rundt for å kunne gi ei tidleg varsling om at fjellsida er i ferd med å rase ut. Dersom fjellpartiet rasar ut i fjorden, vil dette føre til ei stor flodbølgje som vil råke bygdene rundt.
Mellom 5000 og 7000 personar bur i det berørte området og kan kome til å bli evakuerte dersom ekspertane meiner at skredet nærmar seg. Tsunamien er rekna til å kunne bli opptil 85 meter i Hellesylt.
Viktige data
Heile fjellsida vitnar om den massive overvakinga, med instrument, antenner og installasjonar som lyser opp i naturen. Røyret skal erstatte eit 120 meter langt rør som i sju år har forsynt forskarane med viktig data.
Dei nye røra er laga av spesialstål som toler stort press frå fjellmassene utan å øydelegge databrikkene som ligg inni. Produsentane har lang erfaring, men aldri har røra gått så djupt som 150 meter inni fjellet.
– Dette er det lengste geotekniske instrumentet som nokon gong er laga, seier Mario Lovisolo.
Når fjellpartiet rasar ut kan det bli den største naturkatastrofa i landet.
Farleg under jorda
På overflata har landskapet endra seg med stadig nye sprekker og dei gamle vert større. Likevel er det langt ned i djupet at den største faren er.
– 62 meter under overflata ligg det eit halvmeter tjukt lag med knust stein og leire. Store deler av fjellpartiet glir på dette laget og det er svakheita, seier sjefsgeolog Lars-Harald Blikra.
Kommunane rundt vil bli råka av den enorme flodbølga som er venta når fjellet rasar ut.