Hopp til innhold

Skal ha underslått over 7 millionar

Ein dagleg leiar i eit byggefirma i Ålesund med 27 tilsette er meldt for underslag og økonomisk utruskap på over sju millionar kroner. Det skal ha kome fram då selskapet gjekk konkurs i sommar, skriv Sunnmørsposten. Ifølge konkursmeldinga frå bustyraren skal dei urettmessige uttaka frå selskapet ha gått til spel og tipping.