Hopp til innhold

Skal ha trua tannlegar med øks

Ein 56 år gamal hareidsmann er tiltalt for å ha trua to tannlegar i Ålesund med øks i vår. Han ringde sjølv sentralbordet til firmaet deira og framsette trusselen.

Norges lover

Ein hareidmann må møte i retten i haust, tiltalt for å ha trua fleire på livet.

Foto: Wenche Lamo Hadland / NRK

Det var ho som tok telefonen i firmaet til dei to tannlegane, som skal ha fått overlevert beskjeden frå den sinte hareidsmannen. Ifølgje tiltalen skal han ha ringt og sagt at dersom han såg dei ute på gata, skulle han angripe dei med øks.

Begge dei to fornærma er altså tannlegar i Ålesund sentrum, men det står ingenting i tiltalen om kvifor han skal ha ønskt å gjere dei vondt.

Meinte ho burde under torva

Det skal ikkje vere første gongen mannen trua folk på livet. Hausten før sende han brev til fylkesmannen med krav om ny behandling av søknaden om støtte, som han noko før hadde sendt til NAV Hareid. Ifølgje tiltalen skreiv han mellom anna at ein namngjeven tilsett "er ei dype personlig tragedie. Ho er syk i det stygge trynet sitt - og høyrer heime på kirkegarden på Hareid under torva".

Rettssak i haust

Det er statsadvokaten i Møre og Romsdal som har tatt ut tiltale, og saka blir behandla i Sunnmøre tingrett i haust.