Hopp til innhold

Skal ha tatt ut millionar i lønn

Eigaren av den private barnehagen Trollhaugen i Ålesund skal ha tatt ut over sju millionar i lønn i periode 2011-2014. Det skriv Sunnmørsposten. Ein gjennomgang som avisa har gjort viser at ingen andre barnehageleiarar i Ålesund tener like godt. NRK har tidlegare omtalt eigarane av dei private barnehagane Jugendby og Krikane i Ålesund, som har tatt ut nærare 5 millionar i styrehonorar. Ålesund kommune har varsla at dei no vil gjennomføre fleire tilsyn knytt til økonomien i barnehagar i kommunen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL