Hopp til innhold

Skal ha foreslått uvanleg avtale for å unngå gransking

Ein nordmørslege som er mistenkt for å ha skrive ut tusenvis av narkotiske tablettar til seg sjølv, skal ha bedt Fylkesmannen droppe gransking.

Tilbyr NRK modafinil-tabletter

Ein lege på Nordmøre skal ha henta ut over 7000 narkotiske tablettar til seg sjølv i løpet av eitt år. No blir saka granska.

Foto: Kamilla Marie Johnsen / NRK

Før legen kom med det uvanlege forslaget, hadde han ifølgje dokumenta som no er oversendt Statens helsetilsyn allereie skrive ut over 7000 narkotiske tablettar til seg sjølv på under eitt år. Det svarar til i snitt om lag 20 sterke smertestillande tablettar i døgnet.

I brevet som Fylkesmannen tok imot tidlegare i år skal nordmørslegen ha foreslått å frivillig gje frå seg retten til å skrive ut såkalla A- og B-preparat, altså sterke, vanedannande medisinar. Men i motyting skal han ha bedt at det ikkje blei oppretta tilsynssak.

Karin Müller Mikaelsen

Fylkeslege Karin Müller Mikaelsen seier på generelt grunnlag at bruk av vanedannande legemiddel vil svekkje evna til god husk og konsentrasjon.

Foto: Roar Jonny Strom

– Det er uvanleg at ein lege tilbyr seg å seie frå seg forskrivingsretten for å unngå ei tilsynssak, slår fylkeslege Karin Müller Mikaelsen.

Henta inn data frå ei rekkje apotek

Men i staden for å leggje ballen død, fann Fylkesmannen grunnlag for å undersøkje saka nærare, og henta inn oversikt over bestilte legemiddel for heile 2016 frå alle apoteka i området, inkludert nettapotek. Ifølgje oversikta skal legen ha bestilt over 7000 tablettar, nesten 2500 berre av Paralgin forte åleine, i tillegg til store mengder av dei smertestillande medikamentet Ketorax og Kodein.

Les også:

Hevda han slutte å skrive ut

Jeg har ikke forskrevet noe som helst siden oktober 2016. Kan avgi prøve på kort varsel, vil ikke finne spor av bruk.

Ifølgje sakspapira har ikkje legen samtykka til at Fylkesmannen kan innhente journalopplysningar, men hevda sjølv at han ikkje bestilte fleire tablettar dei siste månadene av 2016: «Jeg har ikke forskrevet noe som helst siden oktober 2016. Kan avgi prøve på kort varsel, vil ikke finne spor av bruk.»

Men i brevet til Helsetilsynet kjem det fram at oversikta frå ulike apotek viste at det blei henta ut nesten 600 tablettar berre i november og desember.

Les også:

Kritiserer Fylkesmannen

Ifølgje sakspapira kjem det fram at legen sjølv er kritisk til at Fylkesmannen ikkje umiddelbart trekte tilbake retten til å skrive ut vanedannande medikament.

Men like fullt skal legen ha halde fram med å skrive ut smertestillande tablettar, og vedgår i ettertid at han nok har vore litt liberal med seg sjølv.

Fylkesmannen konstaterer likevel at sjølv ha konkludert med at han ikkje er avhengig.

Helsetilsynet granskar saka

No ber Fylkesmannen om at Statens helsetilsyn vurderer om legen har brote helsepersonellova.

I tillegg viser Fylkesmannen til retningslinene som tilseier at legar ikkje bør skrive ut vanedannande legemiddel til seg sjølv, og vere tilbakehalden med å behandle seg sjølv.

– På generelt grunnlag vil ein lege vere nøydd å ha god husk og konsentrasjon når vedkomande skal vurdere pasientar og situasjonar. Bruk av vanedannande legemiddel vil svekkje dette og over tid også ta frå legen høvet til å vurdere eigen handleevne, seier Müller Mikaelsen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL