Skal ha sett fyr på handdukar

Mannen i 20-åra, som i går blei sikta for å ha sett fyr på ein frisørsalong i Kristiansund, skal ha forklart at han tende på handdukar med brennbar væske. Det skriv TK etter dagens fengslingsmøte. Mannen bur også med den andre sikta i saka. Politifullmektig Rikke Lund Lefdal ba om fire vekers varetektsfengsling med brev og besøksforbod, men fekk ikkje medhold. Sikta blir likevel fengsla over helga til politiets anke er behandla.