Hopp til innhold

Tilsette varsla om drone ved Åsgard B

Politiet i Sør-Vest stadfestar at dei har fått inn varsel om ein mogleg drone utanfor Åsgard B-plattformen i 13-tida laurdag. Operasjonsleiar Victor Fenne-Jensen ved Sør-Vest politidistrikt seier det var dei tilsette på plattformen som varsla sjølve. Samtidig fekk politiet melding om det russiske fartøyet som ligg ved Ormen Lange.

Fenne-Jensen seier informasjonen er sendt vidare til den rette politieininga. Politiet etterforskar fleire droneobservasjonar ved norske olje- og gassinstallasjonar den siste tida.

Equinor, som er operatør på Åsgard B, ønskjer ikkje å kommentere saka.

Politihuset i Stavanger.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK