NRK Meny

Skal ha mishandla gravid sambuar

Ein mann i 20-åra frå Romsdal er tiltalt for å ha mishandla og krenka sambuaren sin fleire gongar. Mannen skal ha slått og sparka sambuaren over fleire år, han er også tiltalt for å ha dunka hovudet hennar i veggen medan ho var gravid. Mishandlinga skal i følgje tiltalen ha skjedd medan deira felles born såg på.