Skal ha knekt nasen til elev

Ein 16-åring på Nordmøre er tiltalt for å ha gått laus på ein jamaldring på skulen og knekt nasen hans. Ifølge tiltalen slo 16-åringen den andre i ansiktet fleire gongar.
Guten er og tiltalt for å ha sparka og spytta på ein annan gut tidlegare på året. Saka kjem opp for retten i slutten av månaden.