Hopp til innhold

Skal ha gitt tablettar rett etter overdose

Mannen som døydde etter å ha tatt tablettar på Søre Sunnmøre rett før jul, hadde fått overdose av samme type tablettar berre dagar før. Det går fram av tiltalen i saka.

Ein mann i 30-åra er tiltalt for å ha gitt han desse tablettane, trass i at han visste korleis kameraten hadde reagert tidlegare. Kameraten skal ha segna om på baderomsgolvet og blitt liggande utan å få hjelp i fleire timar, før han døydde.

Det kjem også fram at pårørande oppsøkte mannen og spurte etter han som låg død i huset, men at mannen i 30-åra nekta for at han var der.

Saka kjem opp for retten i april.