Hopp til innhold

Utvida bølgevarsel skal gjere det tryggare å ferdast til sjøs

Kystverket og Uni Research Polytec har signert ein avtale for etablering av bølgevarsling i utvalde skipsleier langs norskekysten.

Uværet "Ivar"

Arkivbilde: Store bølger kan vere ei utfordring og fare for dei som ferdast på havet. No skal ein ny og betre varsling gjere sjøfarten sikrare.

Foto: Ina-Kristin Lindin / NRK

Bølgevarselet skal vareta sikker, effektiv og miljøvennleg sjøtrafikk, og gir dei som er ute i båt moglegheit til å planlegge ei optimal og trygg rute på førehand, melder Kystverket.

John Erik Hagen

John Erik Hagen i Kystverket seier at den nye varslinga vil auke sikkerheita langs norskekysten.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Bølgevarslinga skal gjere det mogleg for hurtigbåtar og anna passasjertrafikk å legge ruta utanom område med store bølger for å unngå risiko og dårleg komfort for passasjerane.

– God og sikker bølgevarsling bidreg til å auke sikkerheita for skipstrafikken langs norskekysten. At fartøy kan planlegge sin segltur ut frå reelle bølgeforhold i sann tid og fram i tid er ei ettertrakta og nyttig teneste for sjøfarande som seglar på kysten i all slags vêr, seier regiondirektør John Erik Hagen i Kystverket Vest i ei pressemelding.

Bølgevarslingstenesta er tilpassa sjøfarande og spesielt retta mot hurtigbåt- og ferjetrafikk. Men tenesta kan også vere nyttig for andre som ferdast langs kysten.

  • Les også:

Nytt spesialvarsel

Torsdag signerte Kystverket Vest ein rammeavtale til ein verdi på rundt fire millionar kroner med UNI Research Polytec for etablering av bølgevarsling i utvalde skipsleier langs norskekysten.

Regiondirektør John Erik Hagen i Kystverket Vest

Torsdag signerte Kystverket Vest ein rammeavtale til ein verdi på rundt fire millionar kroner med UNI Research Polytec.

Foto: Kystverket

Ifølgje Kystverket skal bølgemodellane levere varslar rutinemessig fire gonger i døgnet, med data for tre timars intervall og 62 timar fram i tid. Kystverket publiserer i dag bølgevarsel for skipsleier basert på bølgemodellar for 13 område langs norskekysten via tenesta BarentsWatch. Innan 2017 skal bølgevarslingstenesta bli landsdekkande med etablering av bølgevarsel i 13 ny område ulike stadar i landet.

I dag blir det gitt bølgevarsel for kryssande bølger i tre sjøområde; Stad i Sogn og Fjordane, Hustadvika i Møre og Romsdal og Røst I Norland.

I den nye bølgevarslingstenesta vil kryssande bølgevarsling blir utvida til å også gjelde andre sjøområde og skipsleier som er utsett for slike bølgefenomener.

‒ Det har gått 14 år sidan vi laga dei første skissene til korleis vi kunne lage desse varsla, og sidan den gang har vi utvikle metodikken i tett samarbeid med Kystverket, BarentsWatch og brukarane. Det har resultert i at vi kan gjere ting svært få meinte var mogleg då vi starta. Vi gler oss til å vise Kystverket kva vi kan få til med desse rammene, seier oseanograf og seniorforskar Torleif Lothe i Uni Research Polytec AS.

Utviklinga av nye bølgemodellar startar til hausten.