NRK Meny

Skal gjennomføre innbyggerhøring

Fylkesmannen skal gjennomføre ei innbyggerhøyring i bygdene Eidsdal og Norddal som har søkt om å skifte kommune frå Norddal til Stranda. I dag var representantar for bygdefolket og dei to kommunane kalla inn til møte hos Fylkesmannen.
Merete Løvoll Rønneberg som har vore aktiv i arbeidet med søknaden, seier det blir ein interessant prosess. Fylkesmannen ga ingen signal om utfallet under dagens møte.

Merete Løvoll Rønneberg
Foto: Silje Bjerknes / Nrk