Hopp til innhold

Skal gi betre fiskerihamner

Regjeringa gir 77 millionar kroner til 12 nye prosjekt som skal gi betre fiskerihamner.

Her i fylket får Gjøsund i Giske nesten 12 millionar kroner til fast kai, medan Ulsteinvik får ein million.

Dette er viktig for ein meir effektiv og sikker sjøveg, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.