NRK Meny
Normal

Skal gi alt på 400 hekk

Karsten Warholm (19) frå Dimna IL har nettopp hatt ei heil veke ferie, etter sølvsuksessen i Eskilstuna i U-20 EM. No er han tilbake på regnvåte Sunnmøre og allereie komande helg er det senior-NM i Haugesund, der han for første gong skal gi jernet på 400 meter hekk.

Karsten Warholm satsar på 400 meter hekk i NM i Haugesund i helga. Foto/redigering: ARNE FLATIN

Friidrettsforbundet trur nettopp 400 meter hekk kan vere den perfekte distansen for supertalentet frå Ulstein, når han ein dag må velje kva han vil satse på. Tikjemparen og 400meterspesialisten har greidd å kombinere godt fram til no.

Karsten Warholm heime etter ferie

Karsten Warholm.

Foto: Arne Flatin / NRK

Med Warholm sine eigenskapar på korthekken kombinert med det han har gjort på 400 meter flatt, meiner ekspertar at nettopp 400 hekk vil passe han perfekt.

http://www.nrk.no/sport/warholms-umoglege-val-1.12468368

- Det er ikkje for å bevise noko som helst at eg no skal gi alt på 400 meter hekk i eit meisterskap, seier han. Men fordi eg likar nye utfordringar.

Denne veka skal han saman med trenar Arve Hatløy få gjort unna nokre treningar på nettopp denne distansen. 2-3 treningar må han i alle fall ha, meiner Hatløy.

Arve Hatløy, trenar for Karsten Warholm

Arve Hatløy.

Foto: Arne Flatin / NRK

Men det første han gjer etter at han kjem heim frå campingferie med familien er ein aldri så liten fjelltur i regnveret, og medan vi ventar på at veret skal lette litt slik at vi kan sjå litt ned mot heimstaden hans, Garsholhaugen, og mot Dimnøya, fortel han om eit ganske så bra medietrykk etter prestasjonane i EM.

Med sølvmedalje i både tikamp og 400 meter individuelt var det mange som sperra opp augene ytterlegare for den utadvente 19-åringen, som var ferdig med vidaregåande skule til våren.

Studiar i Oslo

Karsten Warholm flyttar til Oslo i haust for å kombinere trening med studiar. Foto/redigering: ARNE FLATIN

No skal han halde fram med studiane. Ei bachelorgrad i økonomi og administrasjon ved høgskulen i Oslo står for tur. Hybel og treningsforhold er allereie ordna. Men det er ikkje det sportslege som er hovudgrunnen til at han flyttar på seg.

- I grunnen har eg alt eg treng her heime, men eg ønskjer å behalde strukturen i kvardagen som det å studere gir meg.

Karsten har gjerne to treningsøkter kvar dag, og studiar vil gi han den rette rytma i kvardagen.

- Det vert nok ein del pendling heimover i tillegg til å bruke tid i Oslo. Og så kjem vel Arve (trenaren) til å ta ein del turar til Oslo også, seier han.

Det å skaffe seg ei utdanning er også viktig for 19-åringen, sjølv om han reknar med å bruke ein del meir tid enn ein "normal" student for å skaffe seg bachelorgrada.

Warholm og Hatløy ser ned mot Dimnøya

I regn og skodde tek Warholm og trenar Hatløy turen til Hasundhornet med utsikt mot Dimnøya.

Foto: Arne Flatin / NRK