Hopp til innhold

Skal fostre lokale toppspelarar

Utanlandske spelarar blir for dyre meiner Nordmøre og Romsdal fotballkrins.

Talentutvikling

Nordmøre og Romsdal fotballkring vil satse på utvikling av lokale talent for å snu trenden med innkjøp av dyre, utanlandske spelarar.

Foto: Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no

No er ei storsatsing for å utvikle unge, lokale fotballtalent i gang.

- Toppklubbane har ikkje råd til å handle Ronaldo til 800 millionar, seier Erik Hals, dagleg leiar i Nordmøre og Romsdal fotballkrins.

- Det er utopi!

Må satse sjølv

Erik Hals

Dagleg leiar i Nordmøre og Romsdal fotballkrins, Erik Hals statser stort på spelarutvikling.

Foto: Arne Flatin / NRK

- Toppklubbane har sett at det er rimeligare økonomisk å bygge opp sitt eige akademi, seier Hals.

Molde fotballklubb har sitt eige akademi og både fotballforbundet og krinsane satser stort på spelarutvikling, spesielt i alderen 13 til 16 år.

Dei unge talenta på guttesida kan nyte godt av at Nordmøre og Romsdal fotballkrins samarbeider tett med toppklubben Molde og Kristiansund ballklubb på Nordmøre.

Utvikling

Erik Hals trur trenden med å hente spelarar frå utlandet vil endre seg på sikt når dei unge tallenta lokalt er klar for toppserien.

- Molde har vore heldig med spelarar frå Senegal som ikkje kosa så mykje, men det er klart at norsk fotball ikkje er i ein slik posisjon at dei kan handle dyre spelarar frå utlandet.

Han meiner klubbane bør satse på eigne fotballakademi.

- Det er ein farbar veg å gå. Vi har mange talent blant dei som står på terskelen til ungdomsfotballen. Det er vår oppgåve å kartlegge og påvirke dei for at dei skal bli gode.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL