Hopp til innhold

Skal følge opp arbeidsledige

«Pøbelprosjektet» skal i Møre og Romsdal samarbeide med Adecco og følge opp arbeidsledige for NAV. Denne veka er Eddi Eidsvåg i Møre og Romsdal for å starte opp prosjektet.

Nedgangstider kan verte oppgangstider for dei som ikkje har jobb. Det meiner Eddi Eidsvåg som denne veka startar tre nye så kalla pøbelprosjekt i Møre og Romsdal. Arbeidsledige kan også skape sine eigne jobbar, seier han.

OPPGANG: Nedgangstider kan verte oppgangstider for dei som ikkje har jobb. Det meiner Eddi Eidsvåg som denne veka startar tre såkalla pøbelprosjekt i Møre og Romsdal.

– Uttrykket «pøbel» kjem frå det latinske ordet populus som tyder folk, eller folkeleg. Eg reknar med at sjølv sunnmøringar er folkelege, seier pøbelideolog i Pøbelprosjektet, Eddi Eidsvåg.

Pøbelkontoret i Ålesund blir det ellevte i rekka. Der skal arbeidsledige kome med håp og draumar om ei betre framtid. Sidan starten i 1997 har om lag 2 500 ungdommar vore innom Pøbelprosjektet og dei fleste blir verande i arbeidslivet. Pøbelideolog Eddi Eidsvåg fortel at det viktigaste er å kome presis.

– Skal du lukkast i arbeidslivet må du kunne klokka. Det er regel nummer ein, du må vere til stades når det startar. I dag er det mykje snakk om arbeidsmoral, men kva er det? Arbeidsmoral er det motsette av flexitid, det er å vere til stades når det startar. Du klarer ikkje å behalde ein jobb om du ikkje kjem presis.

Høyr også: Intervjuet med Eidsvåg i NRKs ettermiddagssending måndag

Skuleleie gründerar

Eddi Eidsvåg

Eidsvåg fortel at ambisjonen er at minst 70 prosent av dei som er innom prosjektet skal bli verande i arbeidslivet.

Foto: Arild Pettersen / NRK

I Møre og Romsdal skal pøbelprosjektet samarbeide med NAV, og på dei nye pøbelkontora kan arbeidsledige i alle aldrar få hjelp.

Eidsvåg fortel at han ikkje blir skremd av nedgangstider og oppseiingar.

– Når vi no ser at det blir innstrammingar og færre arbeidsplassar. Så er det eit grunnlag for å skape noko nytt.

– Det er svært få av dei som har starta noko i Ålesund opp gjennom åra som har utdanninga, dei fleste er skuleleie gründerar som har klart seg sjølv. Dei skuleflinke akademikarane blir stort sett NRK-journalistar, seier han.

NAV

Adecco og Pøbelprosjektet vann tidlegare i år ein anbodsrunde om å gjere oppfølging for NAV i Møre og Romsdal. Til saman skal pøbelstasjonane ha mellom 30 og 50 tilsette og Eidsvåg fortel at pøbelprosjektet skal gi ein ny sjanse til både unge og gamle som treng det.

– Vi i pøbelprosjektet har saman med Adecco vunne ein anbodsrunde om å drive all oppfølging for NAV i Møre og Romsdal. Vi skal skaffe folk arbeid og følge dei opp som ein forlenga arm av NAV.

– Ambisjonen er at vi skal få minst 70 prosent av dei som er innom prosjektet til å bli verande i arbeidslivet, det er vårt mål.