NRK Meny

Skal fjerne steinblokker frå vegen

Statens vegvesen reknar med å fjerne steinmassane i vegbanen i Eidsdal i løpet av dagen. Vegen har vore stengt sidan i går på grunn av eit steinras, og det er venta at vegen blir opna att onsdag eller torsdag. Vegvesenet skal i dag reinske og spyle fjellsida før dei sprenger bort steinblokkene i vegen. I kveld startar arbeidet med å rassikre fjellsida.