Skal fiske etter rømt regnbogeaure

Fiskeridirektoratet ber om tips etter at fleire hundre fiskar vart oppdaga i Tafjorden. Direktoratet ser alvorleg på saka, sidan regnbogeaure ikkje finst naturleg i Noreg.

Regnbueørret

Det er ikkje ynskjeleg at denne etablerer seg i norsk natur. No skal ei stor mengde regnbogeaure ha rømt frå anlegg i Tafjorden.

Foto: Nævra, Arne / Nævra, Arne

Måndag fekk Fiskeridirektoratet tips om fangst av regnbogeaure inst i Tafjorden i Møre og Romsdal. Det vart fanga 20–25 fiskar med stong, og etter prøvefiske med garn vart det fanga i overkant av 300 individ.

Ruth Lillian Kjæmpenes i Fiskeridirektoratet

Ruth Lillian Kjæmpenes i Fiskeridirektoratet fortvilar over at så mykje regnbogeauren har rømt i Tafjorden.

Foto: Fiskedirektoratet

Fiskeridirektoratet ser alvorleg på saka, då rømt fisk er noko ein ikkje vil ha i norsk natur. Det som er spesielt i dette tilfellet er at regnbogeaure ikkje finst naturleg i Noreg.

– Det er uvisst om fisken har etablert seg her til lands tidlegare, eller om den i det heile tatt er i stand til det. Men det er ein sjanse vi ikkje er villige til å ta, seier Ruth Lillian Kjæmpenes i Fiskeridirektoratet.

Pålegg om å fiske

Fjordlaks Aqua AS frå Hofseth International har oppdrettsanlegg med regnbogeaure i fjorden. Fiskeridirektoratet mistenker at fisken høyrde til selskapet. No forsøker dei å finne ut kva som kan ha skjedd.

– Vi har folk på anlegget i dag som gjer undersøkingar og sikrar genmateriale for å spore fisken og stadfeste kor den kjem ifrå, seier Kjæmpenes.

Selskapet fekk i går pålegg om utvida gjenfangstfiske. Dei må setje garn der det er sannsynleg å få fisk.

– Vi har pålagd dei å fiske i eit større område enn dei 500 meter som vert automatisk pålagd etter rømming. Erfaringsmessig står aura lenge i det området den stakk av ifrå, så det er ein fordel, seier Kjæmpenes.

Vil betale folk som fiskar

Roger Hofseth

Direktør ved Hofseth International, Roger Hofseth trur ikkje det er snakk om store mengder rømt aure.

Foto: Omar Sejnæs / NRK

Selskapet må i tillegg til å fiske, setje i verk ein dykkarinspeksjon av alle anlegga deira med regnbogeaure, for å avdekke korleis skaden kan ha oppstått. Fiskeriedirektoratet vil ikkje seie noko om eventuell straff, før dei har fått oversikt over situasjonen.

Direktør ved Hofseth International, Roger Hofseth, meiner dei har løysinga på korleis fisken har oppstått i Tafjorden.

– Fisken har ikkje rømt frå oppdrettsanlegget. Dette må ha skjedd medan auren har blitt lasta ombord i båten som fraktar fisken frå smoltanlegget til oppdrettsanlegga på sjøen.

Selskapet seier dei ikkje har oppdaga skader på anlegga sine til sjøs. No har dei sett i gong gjenfangstfiske, i tillegg til at dei vil betale folk som fiskar aure.

– Vi vil betale folk ein sum per fisk som vert levert tilbake til oss, seier direktøren.

Fiskeridirektoratet ynskjer tips

Det er framleis uvisst kor mykje fisk som har rømt, men Fiskeridirektoratet bed no publikum om tips i saka.

– Vi oppmodar folk som kjenner til eller har fiska regnbogeaure i området om å ta kontakt med oss. Det var eit tips som gjorde at vi fyrst vart merksame på at så mykje fisk hadde rømt, seier Kjæmpenes.