NRK Meny
Normal

Skal demonstrere mot planar om E39 gjennom Molde

Motstandarane mot planane om å legge kyststamvegen gjennom Molde by manar til kamp. Onsdag arrangerer dei demonstrasjonstog.

Terje Tovan

Terje Tovan er leiar for Folkeaksjonen mot E39 gjennom Molde.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Det er nødvendig for oss å markere den folkelege motstanden mot det politikarane er i ferd med å vedta.

Det seier leiar i folkeaksjonen, Terje Tovan. Aksjonsgruppa har jobba i 8-9 månader mot forslaget, men syns ikkje dei har fått tilstrekkeleg gjennomslag hos dei lokale politikarane.

– Det har tydelegvis ikkje gått inn hos dei, for den nye bypakken som skal behandlast torsdag har i prinsippet dei same skadelege konsekvensane som den gamle, seier Tovan.

Fryktar firefelts veg

Det aksjonistane fryktar aller mest er ein støyande firefelts motorveg gjennom byområde i Molde med gjennomgangstrafikk frå Møreaksen. I tillegg er det planlagt ein tunnel som skal finansierast med bompengar.

Onsdag skipar dei altså til demonstrasjonstog for å markere motstand, dagen før politikarane i byen skal gjere sine vedtak i saka. Torvan trur absolutt ikkje at utfallet no er gitt.

– Nei, løpet er ikkje køyrt, det er mange spørsmål som ikkje har fått svar før behandlinga i bystyret. Så her er det mange ting vi framleis kan påverke.

– Det vi reagerer på er at nokre politikarane vil dra ein sterkt trafikert nasjonal hovudveg gjennom eit bymiljø. Dessutan håper vi at nokre politikarar skal vakne og sjå kva dei er i ferd med å stemme for.

Meiner bypakken er i strid med intensjonane

Han meiner lokalpolitikarane sine planer ikkje er i tråd med det som er målet for bypakkane, slik Stortinget har lagt førignar for, mellom anna fordi for lite går til kollektivtrafikk.

– Her går 70 prosent av pengane til å bygge fleire vegar. Då oppfyller dei ikkje krava om at bypakkane skal virke restriktiv på personbiltrafikk. Denne pakken vil tvert i mot virke ekspanderande på personbiltrafikk.

Han trur mange er opprørte over at dei må betale for bompengar for ein Europaveg.

– Ein statleg veg er eit statleg ansvar. Og når politikarane legg opp til at folk i Molde skal betale for den med bompengar, då går det i lås for folk.