Hopp til innhold

Skal bygge krillbåt til 1 milliard

Vard har fått kontrakt på eit krillfartøy som skal fiske i Antarktis. Planlagt byggestart er i mai i år.

Krilltråler

Vard har fått kontrakt på ein krillbåt som skal vere ferdig i slutten av 2018.

Foto: Aker

Det var stor jubel og applaus i Ingebrigt Davikhuset i Haram då nyhenda om kontrakten vart kjend. Statsminister Erna Solberg deltek på Haramskonferansen og skryt av omstillinga den maritime industrien går gjennom. Skipsverfta har i årevis jobba opp mot offshoremarknaden, men har no gått nye vegar og sett både mot fiskeri, oppdrett og cruise.

Det er Aker Biomarine som har bestilt krillbåten som kostar ein milliard kroner. Båten skal brukast i Antarktisk frå byrjinga av 2019 og skal utrustast ved Vard Brattvaag.

Største fiskerikontrakt

Kontrakten er den største enkeltkontrakten Vard har hatt på eit fiskerifartøy nokon gong og reiarlaget er glad for byggeavtalen.

– Dette er eit svært spanande fiskeriprosjekt som vi verkeleg gler oss til å ta fatt på, skriv konsernsjef i Vard, Roy Reite i ei pressemelding. Dei har samarbeidd med Aker sidan 80-talet.

Bygginga av båten startar i mai i år og skipet skal vere ferdig i slutten av 2018. Konsernsjef i Aker Biomarine seier i pressemeldinga at kontrakten sikrar norske arbeidsplassar.

Drahjelp frå regjeringa

Kontrakten har eit atterhald om finansiering. Aker BioMarine kjem til å søke om finansiering gjennom Garantiinstituttet for eksportkreditt (GIEK).

Statsminister Erna Solberg sa på Haramskonferansen at regjeringa opnar for at regjeringa vil bidra med drahjelp gjennom GIEK.

– Vi må bli grønare, vi må bli smartare og vi må bli meir nyskapende,sa Solberg.