Tre milliardar kroner
Ferjesambanda Fjord 1 no har fått er på E39 Mortavika - Arsvågen i Rogaland og E39 Halhjem - Sandvikvåg i Hordaland. Kontrakten gjeld i ti år frå 1. januar 2007, og er verd tre milliardar kroner.
Fem nye gassferjer
På sambanda skal det settast inn fem nye gassferjer, og det Fjord 1 som får bygge ferjene.
Kontraktsforhandlingar
Det er no opp til Fjord 1 å inngå kontrakter på bygging av gassferjene. Fjord 1 er alt i kontraktsforhandlingar med fleire norske verftsgrupperingar og utanlandske leverandørar.
Dersom norske verft får byggeoppdraga, vil det kvalifisere til støtte frå Innovasjon Noreg.
Olav Smørdal.
– Må vente med konklusjonen
Administrerande direktør i Fjord 1, Olav Smørdal, stadfestar at Innovasjon Noreg vil støtte eventuell bygging i Noreg, men han seier det er for tidleg å trekke konklusjonar om kvar ferjene skal byggast enno.
Smørdal seier dei no går inn i sluttrundane i forhandlingane med verftsgrupperingane som er aktuelle.
– Så får vi vente litt med den endelege konklusjonen til det er gjennomført.
Fjord 1 rimlegast og best
Av seks kvalifiserte reiarlag eller grupperingar av reiarlag var det berre Fjord 1 og Stavangerske AS/HSD AS som leverte inn tilbod.
Fjord 1 hadde lågast pris, og vegvesenet konkluderer med at Fjord 1 si løysing også er den beste, sjølv om den andre tilbydaren bygde tilbodet på noko større ferjer.
Torild Skogsholm.
– Viktig for miljøet
Samferdselsminister Torild Skogsholm seier at dei fem nye gassferjene er eit viktig gjennomslag for auka bruk av meir miljøvenleg teknologi.
Samferdselsministeren meiner også at Vegdirektoratet sitt vedtak viser at konkurransen virkar og gir gode og miljøvenlege løysingar utan at behovet for statlege tilskot blir høgare enn i dag.