Hopp til innhold

Skal bygge eit av Noregs største oppdrettsanlegg – naboen fryktar for fisken sin

Tjeldbergodden (NRK): Eit ambisiøst oppdrettseventyr kan skape over 400 arbeidsplassar på Nordmøre, men eit steinkast unna ligg det alt eit oppdrettsanlegg. Dei er redd prosjektet kan skade fisken deira.

Hans Ramsvik i Salfjord på anleggstomta på Tjeldbergodden i Aure.

Her skal eit av Noreg og Europas største landbaserte oppdrettsanlegg ligge. Naboen fekk innvilga sprengenekt i november, men no kan arbeidet halde fram igjen.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

I Aure skal oppdrettsselskapet Salfjord skal bygge det som blir eit av dei største oppdrettsanlegga på land i Noreg.

Det vil ha ein årleg produksjon på 36.500 tonn sløyd laks, og fullt utbygd trur Salfjord det har potensial til å skape 420 arbeidsplassar i regionen.

– Det blir eit gigantisk anlegg, som brukar teknologi tilpassa norske fortrinn med masse tilgjengeleg norsk sjøvatn frå Norskehavet, seier dagleg leiar i Salfjord, Hans Ramsvik.

Salfjord sitt planlagte anlegg på Tjeldbergodden i Aure, 3D-illustrasjon.

Slik kjem oppdrettsanlegget til å sjå ut ferdig, dersom alt går etter planen. Oppdrett på land har ein jamn produksjon heile året, og her vil dei kunne hauste 500.000 fiskemiddagar kvar einaste dag.

Illustrasjon: Salfjord

Usemje blant naboar

Til no har dei sprengt ut ein tilkomstveg og litt av tomta, men Salfjord skal sprenge ut om lag 1,6 millionar kubikkmeter fast fjell for å gjere plass til anlegget.

Selskapet Lumarine tok i 2019 over eit oppdrettsanlegg 300-400 meter unna Salfjord sitt planlagde anlegg. Dei er redd sprengingsarbeidet kan skade fisken deira, i verste fall føre til massedød. Dei krev at det blir stansa for å hente inn meir kunnskap.

Kjetil Bjerkestrand i Lumarine peiker mot anleggsområdet til Salfjord.

Kjetil Bjerkestrand i Lumarine peiker mot anleggstomta til Salfjord som ligg rett rundt neset, om lag 400 meter unna. Den gule gravemaskina står på dei mellombelse anleggsvegen deira.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Vi får ikkje aksept for at det må bli gjort meir fagleg utgreiing. Dei baserer seg på gamle grenseverdiar og andre fiskeartar. Det blir som eit fullskala dyreforsøk, seier Kjetil Bjerkestrand i Lumarine.

Meiner berggylta er sårbar

Lumarine tar NRK med til den delen av anlegget deira som ligg innandørs. Driftssjefen peiker på eit kar der den aller minste fisken har klynga seg godt saman.

– Det er veldig viktig at fisken får veldig mykje ro og har eit roleg miljø. Han blir fort stressa av aktivitet, seier driftssjef Einar Inge Seljehaug.

Det er særleg denne leppefisken berggylte dei er bekymra for. Dei har nokre millionar av arten, som blir brukt til å ete opp lakselus i andre oppdrettsanlegg

Kjetil Bjerkestrand i Lumarine studerer klynger av berggylt.

Kjetil Bjerkestrand studerer den aller minste berggylta. Fisken har stor verdi for dei sjølv, og er viktig som reinsefisk i andre oppdrettsanlegg. Elles har dei smolt utandørs, og skal få inn torsk.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Martin Haugmo Iversen ved Nord universitet har forska på stress i 30 år. Han har gjort ein del undersøkingar, og seier berggylta reagerer kraftig på stress.

– Det typiske er at dei går til botn og klumpar seg saman. Skjer dette over lenger tid, går det på bekostning av velferd og dødelegheit, seier Iversen.

Berggylt som klynger seg sammen i merde.

Berggylte. Desse er mellom 0,1 til 0,3 gram, dei minste Lumarine har i kara sine.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Iversen meiner det er vanskeleg å vite kor dramatisk sprengingane vil vere for fisken, men meiner det vil vere ein risiko for anlegget.

– Går fisken over i kronisk stress har ein ikkje sjanse til å hente det inn, og fisk vil døy, seier han.

Gav tilbod om målingar

– Vi meiner dette er heilt uakseptabelt å bli utsett risikoen, som i verste fall kan vi slå ut heile anlegget. Det er 150 millionar kroner for oss, men også eit vere eller ikkje vere på mange måtar, seier Bjerkestrand.

Salfjord tilbydde Lumarine å få ein tredjepart til å gjere målingar i anlegget deira, men Lumarine avslo, fordi det ikkje finst kjende erfaringsdata å måle mot for berggylte. Dei vil derfor stanse sprengingsarbeidet til det er gjort grundigare utgreiingar.

– Dei ønsker å stoppe arbeid og framdrift i prosjektet vår. Vi har vanskeleg for å sjå at motiva er reell, når vi tidlegare har fått beskjed om at dei ikkje ønsker naboar, seier Ramsvik i Salfjord.

Lumarine svarer at dette er fullstendig grunnlaust og meiningslaust. Dei peiker på at det ikkje er dei som definerer føresetnadene for naboskapet, men Mattilsynet.

– Føresetnadene for eit eventuelt naboskap vil uansett bli avklart så snart Salfjord held fram prosessen om konsesjonssøknad, svarer Bjerkestrand.

Salfjord

Salfjord starta opp igjen med byggearbeidet et par dagar etter at NRK var på besøk. I Bakgrunnen skimtar ein Equinor sitt anlegg.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Fekk stogga byggearbeidet

Lumarine gjekk i november til det skrittet at dei fekk kravd og innvilga ei mellombels åtgjerd om at Salfjord ikkje fekk sprenge på tomta si. Rett før jul blei avgjerda behandla i Nordmøre tingrett. Salfjord vann og fekk lov til å fortsette.

Equinor Tjeldbergodden

Det er frå før tre oppdrettsanlegg på Tjeldbergodden som har førsterett på varmt nedkjølingsvatn frå Equinor sitt anlegg på staden, som er gunstig for energiforsyninga. Salfjord sitt anlegg kjem på neset i bakgrunnen.

Foto: Ole Jørgen Bratland / Equinor

Tingretten fann ikkje gode nok bevis eller sannsynleggjering for at sprengingane vil skade fisken vesentleg, i forhold til at ei stogging vil hindre samfunnsønskeleg utvikling.

– Både Fylkesmannen og kommunen har behandla saka to gonger, og no har det kome ein dom som seier at det vi held på med her er godt innanfor det som er akseptable nivå, seier Hans Ramsvik.

Lumarine vurderer no å anke avgjerda, mens Salfjord har kalla dei inn til ny dialog.