Hopp til innhold

Om 30 dagar kan det vere slutt

Målet var å bli verdas største innan biobrensel, men no taper pelletsfabrikken i Averøy pengar for kvar flis dei lagar. BioWood vil bruke dei neste 30 dagane på å avgjere om verksemda skal halde fram eller om den skal leggjast ned.

Biowood

Direktør Lars Frode Askheim og styreleiar Johan Chr. Hovland seier at situasjonen er alvorleg. Dei gir seg sjølv 30 dagar på å snu alle steinar.

Foto: Roar Halten / NRK

Pelletslageret på BioWood

Pelletslageret på Biowood veks seg stort. Salet av pellets går så dårleg ar verksemda står i fare for å bli lagt ned. n

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Pelletsfabrikken i Averøy går med underskot og no vil leiinga bruke 30 dagar på å vurdere om dei skal legge ned verksemda eller om det er grunnlag for å halde fram. Det kom fram på ein pressekonferanse i dag.

– Pelletsprisen er betydeleg lågare enn vi føresette i starten, seier Johan Chr. Hovland, som er styreleiar.

For kvart tonn pellets fabrikken lagar, taper dei pengar. Hittil i år har dei eit underskot i driftsresultatet på 80 millionar kroner. Dei har også hatt store tekniske vanskar og produserer berre ein tredjedel av det som var venta.

Brukar ein månad

No skal leiinga snu alle steinane den neste månaden og sjå på kostnadene og avtalane dei har. Dermed vert det tidlegast teke ei avgjerd 16. november.

Leiinga har kalla inn tillitsvalde, kommune og NAV for at alle partar som er råka skal få gå gjennom situasjonen.

Dersom verksemda vert lagt ned, er siste vanlege produksjonsdag 17. februar.

Dårleg sal i Europa

Anlegget starta opp i 2010 og skulle bli ein av verdas største produsentar av biobrensel. Men fabrikken har ikkje tent pengar.

– Europa har vore inne i ein låg økonomisk periode. Dei støtteordningane for innfyring av pellets gjer det heller ikkje lønsamt å bruke det. Det er rett og slett overkapasitet i marknaden, seier Hovland.

Tøft for dei tilsette

Han innrømmer at det vert ein krevjande perioden for dei tilsette.

– Det er tungt å få slik beskjed. Dei tilsette har investert betydeleg av tida si på å få verksemda oppe å gå. Dei har tatt alle utfordringane på ein god måte, seier styreleiaren.

Fabrikken har kosta 500 millionar kroner, og vart opna av dåverande miljøvernminister Erik Solheim. Han hadde eit håp om at brenselet frå Averøy skulle erstatte kolkraftverk i Europa.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL