Hopp til innhold

Skal bli sterkare saman

Aura Næringshage i Sunndal og Bølgen Næringshage i Kristiansund skal starte eit samarbeidsprogram som får namnet Kraftsenter Nordmøre.

Yngve Kruse i Bølgen næringshage

Aura Næringshage i Sunndal og Bølgen Næringshage i Kristiansund skal starte eit samarbeidsprogram.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Møre og Romsdal fylkeskommune gir ei støtte til prosjektet på 1.3 millionar kroner over ei periode på tre år.

Til saman tretti nordmørsbedrifter får sjansen til å vere med i vekstprogrammet, fortel Yngve Kruse i Bølgen næringshage.

– Vi har tenkt å gå breitt ut det første året og kjem ikkje til å vere bransjespesifikk eller sjå på kor langt bedriftene har kome, seier han.

Skal utvikle bedriftene gjennom samarbeid

Kruse fortel at dei ønskjer både gründerar og etablert næringsliv velkomen. Det einaste dei treng å ha til felles er eit ønske om tilførsel av ny kompetanse for å ta det neste steget.

– Vi kjem mellom anna til å nytte oss av ressurspersonar med spisskompetanse som svarar til die behova som bedriftene har, seier han.

Kruse håpar denne satsinga vil føre til ein vekst i desse bedriftene i løpet av dei tre komande åra, i tillegg til eit betre samarbeid mellom bedriftene.

– Vi håpar at dette vil vere med på å gi dei meir kapital, betre tilgang til marknaden og den kompetansen dei treng for å kome eit godt steg vidare, seier han.

Forhåpentlegvis vil det nye samarbeidsprogrammet også vere med på å skape nye arbeidsplassar i regionen.

– Det må vere målet, det er trass alt fleire arbeidsplassar det handlar om, seier Kruse.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL