Hopp til innhold

Skal bidra til god integrering

Tidlegare leiar for mottaket for mindreårige asylsøkarar på Hareid, Iselin Aske, startar opp eit rådgivingsfirma saman med tidlegare kollegaer frå mottaket. Firmaet Abdi & Aske skal selje undervisning, råd og rettleiingstenester som skal gjere det lettare å få til god integrering av flyktningar. Aske trur mellom anna dette kan hjelpe på for å få fleire innvandrarkvinner i arbeid. Aske skal samarbeide med Angelica Andrade til venstre og Ali M Abdi. Sistnemnde har ansvaret for det nye firmaet saman med Aske.

Dei tre som står bak Abdi&Aske
Foto: Arne Flatin / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL