Skal betre tryggleiken på Moa

Fylkesrådmannen foreslår at det blir sett opp gjerde rundt delar av bussoppstillingsplassen ved Moa Trafikkterminal i Ålesund. Gangsonene skal og bli meir synlege. Årsaka er at det stadig oppstår trafikkfarlege situasjonar, og verneombodet har vurdert å stenge området. Dersom dette ikkje hjelp må det til ytterlegare tiltak.