Hopp til innhold

Skal betre branntryggleiken

Denne månaden starta brannvesenet å kartlegge område der verneverdige trehus står tett i Ålesund sentrum. Arbeidet starta i fjor, men sjølve synfaringa pågår no. Målet er å finne tiltak som skal betre branntryggleiken, seier avdelingsleiar for førebygging i brannvesenet, Sindre Egeness. Etter rapporten kan dei som bur i slike område søke om pengestøtte for å gjennomføre tiltaka.

Sindre Egeness, innsatsleiar, Ålesund brannvesen
Foto: Øyvind Sæbjørnsen / NRK