Straffesparket sette Dag Roar Ørsal i mål, og Hødd leia ganske ufortent 1-0 ved pause. Sandefjord brente nemleg mange store sjansar og Hødd-keeper Lars Ivar Moldskred var både høgt og lågt.
Tre baklengs
Geir Televik. Ein av åtte som var ute. Foto:Arne Flatin
Hødd måtte gje etter for presset til slutt og Sandefjord scora tre mål dei siste 25 minutta av kampen. Hødd hadde tre juniorspelarar på benken. Ingen av desse er med i A-stallen. Heile åtte spelarar var ute på grunn av skade eller andre grunnar. Mest sakna nok Hødd Geir Televik. I tillegg er hurtigtoga Magnus Myklebust og Lars Roar Holstad skadd. Georg Aursnes var ikkje med fordi familien ventar sitt andre barn. Andre spelarar som var uaktuelle: Andre Skotheim, Mads Andre Værnes, Glenn Hartmann og Ronny Jørgensen.
Hødd håpar at fleire av desse åtte er klare til sesongpremieren på Høddvoll komande søndag mot Bryne. Jæren-laget tapte 1-0 heime for Mandalskameratene i går.
1. divisjon fotball menn måndag, 1. runde:
Sandefjord Hødd 3-1 (0-1)
Storstadion
2341 tilskodarar
Mål: 0-1 Dag Roar Ørsal (20), 1-1 Geir Ludvig Fevang (64), 2-1 Magne Sturød (74), 3-1 Fevang (83).
Dommar: Kim Rune Borgersen, Drafn.
Gult kort: Sindre Eid, Hødd.