NRK Meny
Normal

Skademareritt for MFK

MFK har mange viktige spelarar ute med skade i starten av sesongen.

Leif Arne Lystad hjelper Knut Olav Rindarøy

Leif Arne Lystad hjelper Knut Olav Rindarøy på veg tilbake.

Foto: Roar Strøm / NRK

Stallen er brei, men er den brei nok til å takle alle skadane. Manuellterapeut Leif Arne Lystad har nok å henge fingrane i om dagen. Verst er det med Pape Pate Diouf som vert ute til sommaren etter skaden han fekk i bortekampen mot Start.

Knut Olav Rindarøy og Thomas Holm stod over mot Brann andre påskedag med skadar. Begge kan vere klare til neste kamp, borte mot Vålerenga 12.april.

Christian Steen og Bjørn Runström har også har også hatt skadeproblem, men begge kom inn frå benken mot Brann.

Thioune lenge ute ?

Makhtar Thioune skadd

Thioune nede med skade mot Brann.

Verre er det for Makhtar Thioune som pådrog seg ein lei skade i lysken då han vart takla mot Brann. NRK snakka med Thioune på stadion i går, og då fortalde han om store smerter.

Leif Arne Lystad seier til NRK at dei må ta nye testar før dei kan slå fast kor alvorleg skaden til Thioune er, men i verste fall kan også han vere ute i fleire veker.

Skifte av underlag

Leif Arne Lystad har nok å arbeide med

Leif Arne Lystad har nok å gjere.

Foto: Roar Strøm / NRK

Leif Arne Lystad seier at MFK knapt hadde store skadeproblem i fjor, og slik sett ser det verre ut i starten av denne sesongen. Lystad seier likevel at dei driv eit godt skadeførebyggande arbeid i klubben.

Han er ikkje tilfreds med at spelarane har skifta underlag så ofte som dei har gjort i forsesongen. Frå gras i Spania til kunstgras til gras igjen.- Det beste hadde vore meir stabil trening på eitt type underlag heile tida, same om det er gras eller kunstgras, seier Lystad til NRK.

Video Mange skader i MFK

NRK snakka med Thioune på stadion i går, og då fortalde han om store smerter.