Hopp til innhold

Tiltale: Skadde nært familiemedlem med Plumbo

Ein mann i 50-åra frå Sunnmøre er tiltalt for å ha påført eit nært familiemedlem store etseskadar. Mannen helte Plumbo-pulver på kroppen til familiemedlemet.

Det nære familiemedlemet var i ferd med å ta kveldsstellet på badet ein oktoberkveld i 2015. Kvinna var delvis avkledd då mannen kom inn på badet. Der helte han, ifølgje tiltalen, Plumbo-pulver over kroppen hennar.

Mannen og det nære familiemedlemet budde i det same husværet i ei bygd på Sunnmøre.

Det er statsadvokat Magne Nyborg i Møre og Romsdal som har teke ut tiltalen. Ifølgje tiltalen førte plumboen til at kvinna fekk store etse- og brannskadar på kroppen, hovudsakleg på hovudet, i nakken og på innsida av låra.

Etse- og brannskadane var så omfattande at kvinna måtte leggast inn på sjukehus, der det mellom anna blei utført hudtransplantasjon.

Tiltalen vitnar også om eit anstrengt forhold mellom mannen og det nære familiemedlemet. I ein periode frå slutten av august til slutten av oktober 2015 låste mannen kvinna inne på soverommet hennar om kvelden og om natta. På denne måten tok han frå henne fridomen til å bevege seg fritt i husværet, heiter det i tiltalen.

Mannen er også tiltalt for å ha slått kvinna og å ha lugga henne i håret og rista henne.