Hopp til innhold

Granskar dødsulykka utanfor Ålesund søndag

Ulykkesgruppa til vegvesenet er søndag kveld i gang for å prøve å finne årsaka til dødsulykka utanfor Ålesund tidlegare på kvelden. Ei kvinne i midten av 20-åra omkom.

Ulykkesgruppe på trafikkulykke

Ekspertar er søndag kveld i gang med å prøve å finne ut kva som skjedde då to bilar kolliderte søndag kveld.

Foto: Øyvind Johan Heggstad

Politiet melder søndag kveld at ei kvinne i midten av 20-åra er omkomen etter front-mot-front-kollisjonen utanfor Ålesund.

To personar, ei kvinne og ein mann i 20-åra, er sende til Ålesund sjukehus, og har ifølgje Helse Møre og Romsdal fått lettare skadar.

Ifølgje NRK sin reporter på staden er fylkesveg 107 stengd, mellom Steinset og Stavset i Skodje etter front-mot-front-kollisjonen søndag ettermiddag.

Vil ikkje gå ut med detaljar

Erik Knutsen

Politibetjent Erik Knutsen seier til NRK at mellom 30 og 40 personar frå brannvesenet, politi og helsevesenet søndag kveld var i aksjon etter den alvorlege trafikkulykka.

Foto: Øyvind Johan Heggstad

Mellom 30 og 40 personar frå brann, politi og helsevesenet var søndag kveld i sving etter den alvorlege trafikkulykka utanfor Ålesund.

Vegvesenet si ulykkesgruppe, som rykkjer ut ved alvorlege ulykker, er på staden søndag kveld, saman med krimteknikarar frå politiet.

Politiet veit førebels ikkje årsaka til ulykka, men seier den omkomne kvinna sat i den eine bilen, medan dei to andre sat i den andre bilen.

– Det er førebels lite vi veit, vi kan ikkje gå ut med mange detaljar, men veit at det har vore ein møtekollisjon mellom to bilar og at tre personar er involverte, seier politibetjent Erik Knutsen søndag kveld.

Laster Twitter-innhold

– Kjent ulykkesstrekning

Knutsen omtalar området som er kjent ulykkesstrekning, og seier det søndag kveld er svært, svært glatt.

Det har ikkje vore salta her, seier han og legg til at vegvesenet søndag kveld er informert om forholda.

Det skal ifølgje Knutsen vere grunn til å tru at fylkesvegen blir stengd i fleire timar utover søndagskvelden.

Slepper forbi deler av trafikken

Trafikkulykke Ellingsøya

Det er meldt om personskade, men førebels uklart kor alvorleg det er.

Foto: Øyvind Johan Heggstad

Politiet på staden opplyser at dei slepper forbi personbiltrafikken via ein eldre veg, men at større bilar må vente.

Det er ekstremt glatt her enkelte stader på strekninga, og minus to grader, seier reporter Øyvind Johan Heggstad.

Laster Twitter-innhold