Hopp til innhold

Frontkollisjon mellom varebil og lastebil

Politiet melder om frontkollisjon mellom lastebil og varebil på E 136 Vikebukt i Vestnes kommune. Vegen er opna.

Bilulykke på Vikebukt

Sjåføren i varebilen slapp unna ulykka med lettare skader.

Foto: Frode Berg

Kø på Vikebukt

Det er lange køar etter ulukka. Trafikken vert dirigert manuelt.

Foto: Frode Berg / NRK

Trafikkulukka var mellom ein varebil og ein lastebil med henger, melder politiet. Føraren av varebilen er sendt til sjukehus med lettare skader. Personen var medviten heile tida. Sjåføren av lastebilen er uskadd.

Vegen er no opna med manuell dirigering forbi ulukkesstaden.

– Vi driv vekseldirigering og satsar på at vi vert fort ferdig, slik at trafikkavviklinga går greit, seier innsatsleiar Joachim Olsvik.

Tidlegare vart personbilar råda til å køyre via Gjermundnes vidaregåande skule.

Kø på Vikebukt
Laster Twitter-innhold

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Vikebukt» i nytt vindu