Hopp til innhold

Pass deg for ribbesvoren

I jula opplever tannlegane eit rush av folk som har skadd tennene sine. Stress og hard ribbesvor får skulda.

Nils Jørgen Selliseth

Nils Jørgen Selliseth frå Apollonia tannklinikk i Ålesund opplever at mange treng akutt tannhjelp i jula.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Ribbe

Ved tannlegevakta i Oslo er det heilt vanleg å få inn pasientar som har knekt ei tann på grunn av hard svor.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Ved Apollonia tannklinikk i Ålesund er det ikkje juleferie. Dei får inn pasientar frå fjern og nær som treng akutt tannhjelp. Tannlege Nils Jørgen Selliseth trur alt stresset rundt juleførebuingane, gjer at folk er meir utsette for tannskadar.

– Mange bit tenner når dei vert stressa og då er det lett for at fyllingar eller gamle tannkroner losnar, seier Nils Jørgen Selliseth.

Utan fortann i selskap

Tannlegen hugsar særleg kvinna som kom til klinikken med fortanna i handa. Ho skulle i juleselskap og var ganske fortvila.

Andre som kjem til tannlegen i jula har fått infeksjonar i tennene og er hovne i andletet og har hatt sterk nedsett allmenntilstand. I fjor var 181 pasientar innom tannklinikken i Ålesund i jule- og nyttårshelga. Fleire av desse hadde tannskadar på grunn av mat dei hadde ete.

– Det er klart at vi et mykje forskjellig i jula. Det kan vere harde peparnøtter og godt steikt svor. Då kan tenner knekke, seier Selliseth.

Pepperkaker

Harde julekaker kan skape trøbbel for tennene.

Foto: Petter Strøm / NRK

Han meiner at det er bra at øydelagde fyllingar blir skifta, men når det skjer i jula kan det vere problematisk å få tannlegetime enkelte stader i landet.

Åtvarar mot svor

Også Marit Arnold ved tannlegevakta i Oslo har erfaring med at hard svor skaper trøbbel i jula.

– Gang på gang knekker folk tennene på ribbesvoren. Produsenten burde ha skrive ei åtvaring på ribbepakken at det er fare for tannknekking, ler Arnold.

Dei som er mest utsett er eldre folk som har sprøe tenner. Også dei med mykje amalgamfyllingar har større risiko for at tennene sprekker.

Tannlege Selliseths gode råd for tennene i jula:

  • Vakt deg for hard og seig mat
  • Unngå å opne julebrus/øl/nøtter med tennene
  • Stress ned og ver medviten på om du gnissar tenner
  • Masser kjevane og gjer avslappingsøvingar
  • Husk broddar på glatta, slik at du ikkje øydelegg tennene

Ising i tennene

Tannlegane rundt om i fylka har vakt i jula, ifylgje Den norske tannlegeforeining, men det kan verte mange mil å køyre til tannlegen. Marit Arnold seier at ikkje alle tilstandar er så akutt at ein treng å oppsøkje tannlege med det same.

– Dersom tanna er knekt og det ikkje isar, kan det vente nokre dagar. Barn bør ikkje vente, fordi det er så kort avstand til nerven og dermed kan tanna døy, seier Arnold.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL