Skadar for 12 millionar

Tryg Forsikring har fått inn meir enn 103 skadesaker knytt til ekstremvêret. Dei estimerer skadane førebels til rundt 12 millionar kroner. – Det er mest flaum- og vasskadar der vatn har trengt inn i bygningar. Det er også ein del stormskadar på hustak og bilar, seier Torbjørn Brandeggen, kommunikasjonsrådgjevar i Tryg Forsikring.