Det var under ein krangel i august i fjor at mannen slo kvinna tre gonger med knytta hand og skada auget.
Tre slag
Episoden skjedde i paret sin bustad etter at domfelte kom heim frå eit privat selskap der han hadde konsumert store mengder alkohol. Sambuaren kritiserte mannen for alkoholforbruket, og han svarte med å slå henne tre gonger. Det eine slaget trefte auget slik at kvinna byrja å blø. Ho blei etter dette køyrd i ambulanse til sjukehuset i Molde.
Alkoholproblem
44 åringen er dømt til fengsel i 120 dagar der halvparten av straffa er på vilkår. Påstanden frå aktor var på fem månader fengsel. Retten meiner at sjansen for at mannen skal bli kvitt alkoholproblema sine vil vere svekt dersom han får ei lang fengselsstraff. Mannen må også betale kvinna 30 000 kroner i erstatning.