Hopp til innhold

Vektarar tatt ut i streik- sjukehuset set inn sjukepleiarar som dørvakter

Vektarstreiken gjer at sjukepleiarar ved Kristiansund sjukehus må jobbe som dørvakter. NHO og Arbeidsmandsforbundet legg skulda på kvarandre

Sjukehusvakter

På veg inn sjukehuset i Kristiansund blir alle spurt om kva avtale ein har, og om ein har symptom på luftvegsinfeksjon. Elles slepp ein ikkje inn.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Etter at koronapandemien braut ut har sjukehusa hatt dørvakter, som skal sørgje for å hindre smitte inn. Vanlegvis er det vektarar frå Securitas som gjer denne jobben, men onsdag blei 11 nye vektarar i Kristiansund tatt ut i streik.

Dermed må sjukehuset i byen bruke sine eigne tilsette til jobben. Sjukepleiar Elisabeth Slattlem er éin av dei som har sagt ja til ekstravakter i døra.

– Det er dumt at dei har gått til streik. Eg jobbar vanlegvis i akuttmottaket, men no må eg stå her og passe på inngangsdøra, seier Slattlem.

Sjukehusvakter ved Kristiansund sjukehus

Sjukepleiar Elisabeth Slattlem og portør Lorentz Kirk Lossius tar på seg nye oppgåver under vektarstreiken.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Vektarstreiken er inne i si tolvte veke. Ved midnatt sende Norsk Arbeidsmandsforbund over eit nytt forslag til NHO.

Klinikksjefen for Kristiansund sjukehus seier dei har relativt normal drift på sjukehuset no, men at dei vurderer fortløpande om dei har god nok tilgang på personell.

Georg Johnsen, klinikksjef Sjukehuset Nordmøre og Romsdal

Georg Johnsen er klinikksjef for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, som inkluderer Kristiansund sjukehus.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Vi skulle sjølvsagt ønske at vi kunne halde fram med den ordninga vi hadde, men når det er streik må vi ta dei forholdsreglane vi kan, seier klinikksjef Georg Johnsen.

NHO godkjende ikkje dispensasjon

Fylkessekretær i Arbeidsmandsforbundet, Vidar Røren, er overraska når NRK fortel at sjukepleiarar står vakt ved sjukehuset.

– Hadde vi visst at to av dei hadde stått på sjukehuset, hadde vi ikkje tatt dei ut. Fordi vi ikkje til ei kvar tid veit kor vektarane står, er vi klare til å gi dispensasjon, seier Røren.

Vidar Røren, fylkessekretær for Norsk Arbeidsmandsforbund i Møre og Romsdal.

Fylkessekretær i Arbeidsmandsforbundet i Møre og Romsdal, Vidar Røren, hevdar dei ikkje visste at vakter på sjukehuset ville bli tatt ut.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Men det har dei ikkje fått høve til.

Securitas har sendt ein søknad om dispensasjon til NHO Handel og Service som dei har avslått, utan å sende den vidare til Arbeidsmandsforbundet.

– Når Norsk Arbeidsmandsforbund har valt å ta ut vektarar som er i oppdrag på sjukehuset i Kristiansund, er det pårekneleg at dette ville kunne få følgjer for sjukehusets oppgåver eller for drifta, skriv NHO til NRK.

Dei vil berre innvilge dispensasjon viss følgjene av uttaket ikkje var pårekneleg, og legg alt ansvaret på forbundet.

Reagerer på avslag

Røren synest grunngjevinga til NHO er merkeleg.

– Vi veit ikkje kor alle vektarane står når vi gjer uttaket, men ville umiddelbart godkjent dispensasjon viss vi kunne, svarer Røren.

– Då får det bli NHO sitt problem. Dei får ta støyten.

Han har full forståing for at sjukehuset vel å løyse det med bruke sine eigne tilsette.

– Ikkje noko som har med korona å gjere skal bli ramma på nokon som helst slags måte. Vi skjønar at sjukehuset er fortvilt og set inn folk, seier Røren.