Hopp til innhold

Riskikerer å måtte vente fem dagar før ho får vite om ho har korona

Sjukepleiar Helen Nordheim Urke er overraska over at det tar så lang tid å få koronatest. – Det er sløsing med ressursar, seier sjukepleiaren.

Ålesund legevakt

Ålesund legevakt er inne i ein overgangsfase med litt mindre testing.

Foto: Remi Sagen / NRK

Etter 17. mai-feiringa kjente ho at ho ikkje var heilt i form. I dag har ho feberkjensle og luftvegssymptom.

– Vi har koronasmitte på sjukehuset, så det er ikkje utenkeleg at det kan vere korona, seier Helen Nordheim Urke.

Ho jobbar som sjukepleiar på Ålesund sjukehus og før helga testa ein sjukehustilsett positivt. Ni tilsette og 33 pasientar er i karantene.

Helen Nordheim Urke.

Helen Nordheim Urke er sjukepleiar ved Ålesund sjukehus. No er ho heime med luftvegsinfeksjon.

Foto: privat

Trudde test var fort gjort

For å utelukke at det er korona, må Urke teste seg. Ho trudde det kom til å gå like fort som det gjorde då ho tok test i mars. Då hadde ho luftvegsinfeksjon og fekk svar same dag.

– Eg såg for meg at det skulle gå like kjapt no, for då kunne eg ha gått på jobb i morgon dersom testen er negativ og eg er i form, seier Urke.

Problemet er at sjukehuset sin eigen teststasjon for tilsette er lagt ned. Hos den kommunale legevakta fekk ho beskjed om at det er fullt i dag og at dei ikkje testar på tysdagar. Dermed må ho vente til onsdag. Og testresultata er klare først torsdag eller fredag.

– Det er svært dårleg bruk av ressursar. Å gå frå å få testsvar på tre timar til å bruke fem dagar, seier Urke.

Bør få test på jobb

Kommuneoverlege i Ålesund Olav Mestad

Kommuneoverlege i Ålesund, Olav Mestad, etterlyser meir fleksibilitet, slik at sjukehuset testar sine eigne i periodar med kjend smitte.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Ålesund legevakt seier at dei er inne i ein overgangsfase med litt mindre testing, fordi dei omorganiserer seg. Det betyr at denne veka blir det testing måndag, onsdag og fredag. Dei beklagar at dei ikkje har den kapasiteten dei brukar å ha.

– Det er klart det er sårbart når sjukehuset legg ned sin teststasjon. Blir det smitte på sjukehuset, blir det straks meir behov. Eg har etterlyst meir fleksibilitet, slik at dei då testar sine eigne, seier kommuneoverlege i Ålesund, Olav Mestad. Han understrekar at legevakta har testkapasitet til vanleg og at dei jobbar for å kunne teste endå fleire. Kommunane har fått beskjed om å teste 1,5 prosent av befolkninga.

– Bør ikkje då helsepersonell bli prioritert?

– Dei er nummer tre på prioriteringslista. Vi har laga ein plan. Dersom det hastar for sjukepleiaren å få svar, kan ho be om test på sjukehuset, seier Mestad.

Uheldig med tidspunktet

Smittevernoverlege i Helse Møre og Romsdal, Jørn-Åge Longva, seier at sjukehuset sin eigen teststasjon var berre ei ekstraordinær løysing i starten av pandemien, for å ta unna testinga. Han meiner sjukepleiaren har vore uheldig med tidspunktet å bli sjuk på, sidan legevakta vanlegvis har kapasitet.

– Eg skjønar sjølvsagt at alle ynskjer svar fortast mogleg og at fire-fem dagar kjennest lenge. Vi må sjå om vi kan finne ei løysing for vedkomande, seier Longva. Dersom koronasituasjonen endrar seg, kjem helseføretaket til å gjere ei fortløpande vurdering på om dei skal ta opp att testinga på eigne tilsette.

Jørn-Åge Longva

Jørn-Åge Longva er smittevernoverlege i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

For Urke er det inga god kjensle å gå heime heile veka dersom det skulle vise seg at ho er frisk. Ho jobbar på ei lita avdeling, der det er sårbart når nokon er borte frå jobb.

– Det endar med at nokon må jobbe på akkord med seg sjølv eller at vi må avlyse pasienttimar, seier Urke.