Hopp til innhold

Sjukehustilsette i karantene

Ti sjukehustilsette, to ambulansepersonell og tre pasientar ved sjukehuset i Kristiansund er sett i karantene etter at ein mann med koronasmitte vart lagt inn der onsdag. Mannen vart i utgangspunktet lagt inn av andre årsaker, men så viste det seg at han hadde covid-19. Konstituert klinikksjef for sjukehuset i Kristiansund, Åge Austheim, seier personane er sett rutinemessig i karantene til dei har fått detaljkartlagt kva kontaktpunkt mannen har hatt. Austheim seier drifta av sjukehuset går som normalt, og at beredskapen ikkje er svekka.