Hopp til innhold

Sjukehusstriden: Styreleiar avviser at Høie har blanda seg

Styreleiaren i Helse Midt-Norge avviser at helseminister Bent Høie har blanda seg i avgjerda om plasseringa av eit nytt fellessjukehus for Nordmøre og Romsdal. Til Adressaavisa avviser Ola H. Strand at Høie har gått inn for Molde.

Ola H. Strand

Ola H. Strand er styreleiar i Helse Midt-Norge som skal ta si avgjerd om sjukehusplassering i dag.

Foto: Cornelius Poppe / SCANPIX

Det har vore stilt spørsmål ved Høie si rolle i saka. Statsråden har fleire gongar avvist at han skal ha instruert nokon om kva for tomt som skulle veljast.

I spørjetimen på Stortinget avviste Høie å svare på om han har ytra ønsket om kvar han meiner sjukehuset bør ligge og slik handla i strid med reglane for eigarstyring. Statsråden viser til at samtalar med styreleiarar er fortrulege. Han må likevel svare for skuldingane til Kontroll og konstitusjonskomiteen.

Avviser styring

Til avisa seier Strand at Høie ikkje har lagt eit slikt press, men at det tvert i mot er han som har gitt uttrykk for sitt syn i saka. Han seier statsråden først og fremst har vore opptatt av å få ei avgjerd i saka.