Hopp til innhold

– Nye spørsmål gjer saka meir alvorleg

Professor Frank Aarebrot trur ikkje sjukehusstriden vil gi helseministeren meir enn riper i lakken. Men dei nye spørsmåla frå kontrollkomiteen gjer at saka spissar seg til, meiner han.

Frank Aarebrot

Frank Aarebrot er professor i samanliknande politikk.

Foto: Åge Algerøy / NRK

– Nye spørsmål til helseministeren treng ikkje bety at Stortinget sin kontrollkomite er i ferd med å leggje vekk sjukehussaka, seier Aarebrot.

Tysdag vedtok fleirtalet i komiteen at dei vil stille helseministeren sju nye skriftlege spørsmål før dei tar stilling til om dei ønskjer ei opa høyring for å kartlegge om helseminister Bent Høie har gitt signal som er i strid med lova.

– Det betyr jo etter mi vurdering at det er ei alvorleg sak. Når dei varslar spørsmål til statsråden så er det jo fordi dei meiner saka er så alvorleg at statsråden må ha høve til å konsultere med juristane i departementet om kva han skal svare, seier Aarebrot.

Skal kartlegge om statsråden har instruert

Spørsmålet for Kontroll- og konstitusjonskomiteen er om helseministeren har blanda seg inn i behandlinga av saka gjennom den munnlege kontakta med helseføretaka og dermed brote lova.

Etter alt bråket rundt prosessen fram mot vedtaket om plassering av det nye fellessjukehuset, har det frå fleire hald kome krav om ei opa høyring i Stortinget. Mellom anna har ni kommunar på Nordmøre tatt til ordet for det. Komiteen har så langt ikkje tatt stilling til dette, men ønskjer altså først fleire svar frå Høie.

– Eg tolkar det slik at saka er meir alvorleg når komiteen sender statsråden fleire skriftlege spørsmål enn det dei har gjort tidlegare, seier Aarebrot.

Avgjerd tysdag

Tysdag blir det avgjort om komiteen vil ha ei opa høyring om sykehussaka og statsråden si rolle i denne. Aarebrot trur uansett ikkje dei politiske konsekvensane vil bli store.

– I så fall vil det vere eit spørsmål om i kva grad statsråden vil få riper i lakken som følgje av ein eventull kritikk. Eg trur ikkje vi skal overdramatisere konsekvensane av ei opa høyring, seier Aarebrot.