Hopp til innhold

Sjukehusstriden: I dag blir det avgjort

I dag skal den betente sjukehusstriden i Nordmøre og Romsdal få ei endeleg avgjerd. Trass store protestar og krav om utsetjing held helseministeren fast på at sjukehusplasseringa skal vere klar i dag.

DIREKTE: Høie avgjør sykehussaken.

Diskusjonen om sjukehusplasseringa har gått høgt sidan det blei avgjort at det skal byggast eit felles sjukehus for regionen. Nærleik til helsetenester og tilgang på arbeidsplassar er begge argument som røyrer ved sterke kjensler i begge leire.

Daniel Haga

Daniel Haga er administrerande direktør i Helse Midt-Norge og skal vere til stades på føretaksmøtet i dag.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Når Bent Høie i dag samlar styra til føretaksmøte, er det berre ei sak på dagsorden: ei avgjerd i sjukehussaka. Til møtet kjem styra i begge helseføretaka med sine vedtak. I tillegg skal administrerande direktør i Helse Midt-Norge, Daniel Haga, vere med.

Høie har sagt at han vil halde ein pressekonferanse klokka 0930, rett i etterkant av føretaksmøtet.

Påstandar

om utpressing og innblanding

Dei siste vekene har striden toppa seg med bråket rundt avgangen til tidlegare direktør i Helse Møre og Romsdal, Astrid Eidsvik, og påstandar om utpressing av henne.

I tillegg har det kome skuldingar om at helseministeren har blanda seg i prosessen på ein måte som er i strid med reglane for eigarstyring. Høie må svar for si rolle til kontrollkomiteen på Stortinget.

Krav om utsetjing

All uroa har gjort mange no krev at saka blir utsett til alle delar av prosessen er klarlagt. Andre har hevda at det er viktigare enn nokon gong å få ei avgjerd, slik at føretaka kan få ro til å arbeidet med kva sjukehuset skal innehalde.

Etter eit dramatisk møte onsdag vedtok styret i Helse Møre og Romsdal med knappast mogleg fleirtal at dei går for sjukehustomta på Opdøl i Molde. I går vedtok styret i Helse Midt-Norge det same.

Dermed har Høie varsla at han vil ta si avgjerd – og at den skal kome i dag.