Hopp til innhold

Sjukehusstrid kan ha kosta topplass

Høgrepolitikar Torgeir Dahl frå Molde vedgår at meininga hans i sjukehussaka kan ha kosta han topplassen i nominasjonen i partiet.

Torgeir Dahl
Foto: Trond Vestre / NRK

Nominasjonskomiteen har sett fylkesleiar og Midsundordførar Helge Orten på topp på lista, og han blir også Høgre sin fylkesordførarkandidat. Noverande fylkesordførar kjem frå Høgre, men Olav Bratland har varsla at han gir seg med politikken etter valet om eit år.

Dahl går for to sjukehus og det kan altså ha gjort han meir eller mindre uaktuell for Nordmøre i nominasjonen.

- At dette har hatt betydning for nominasjonsprosessen for Høgre-laga på Nordmøre synest nokså tydeleg, seier Dahl.

Må vere tydeleg

Han meiner likevel politikarane må vere tydeleg i meiningane sine. Det har Dahl vore i sjukehussaka, og har vore førebudd på at det kunne få konsekvensar i nominasjonsprosessen.

Helge Orten

Helge Orten toppar nominasjonslista til Høgre

Foto: Trond Vestre / NRK

Torgeir Dahl har vore Høgres klart mest profilerte politikar i fylket i det siste og har fronta partiet i mange omstridte saker.

Han er vara til Stortinget og fekk nesten fast plass.

Mange vil synest det er eit nederlag for Dahl med berre tredjeplassen på lista, bak Helge Orten frå Midsund og Anne Dyb Liaaen frå Ålesund.

Klart mandat til Orten

Medan Torgeir Dahl er i sin andre periode i fylkestinget og er leiar av utdanningsutvalget, så er fylkesleiar Helge Orten berre vara på fylkestinget og har også ite erfaring frå fylkespolitikken.

Dahl vil likevel ikkje utfordre Orten i kampen om fylkesordførarvervet, og trur heller ingen andre i partiet vil gjere det.

- Det mandatet Orten har fått frå lokalforeiningane er både tydeleg og hyggeleg, seier Dahl før den endelege nominasjonen skjer 30.oktober.