NRK Meny
Normal

Enorm folkeleg iver for sjukehusstriden

Striden rundt valet av sjukehustomt for Nordmøre og Romsdal har ført til fleire underskriftskampanjar på nett.

Helse Møre og Romsdal montasje av underskriftskampanje

Sjukehusstriden skaper meir engasjement på sosiale medium enn nokon gong før.

Foto: NRK/Skjermdump / Montasje

Bente Kalsnes

Benta Kalsnes, forskar på sosiale medium, seier at opprop på nett kan få til politiske endringar.

Foto: Eirin Cathrine Lade, UiO

Særleg mange nordmøringar og romsdalingar har siste dagane vore svært aktive på sosiale medium som Facebook, Instagram og Twitter for å gi uttrykk for kva dei meiner om vendinga sjukehussaka har teke.

Medan eitt opprop uttrykker mistillit til administrerande direktør Daniel Haga i Helse Midt-Noreg, oppmodar eit anna Haga om å bli sitjande i stillinga. Eit tredje opprop krev at tomtevalet blir utsett.

– Kan spele ei stor rolle

Bente Kalsnes, stipendiat ved Insitutt for Medie- og kommunikasjon ved universitetet i Oslo, ser ikkje bort frå at nett-mobiliseringa kan virke inn på prosessane. Og seier at meiningar og underskrifter på nettet kan spele ei stor rolle – ikkje minst i kontroversielle saker.

– Det har vi sett fleire eksempel på. Det var eit enormt folkeleg engasjement i saka om reservasjonsretten både på nett og ute i gatene. Då fekk ein stoppa eit lovforslag.

Gruppa «Vi som vil ha Astrid Eidsvik tilbake i sykehussaken!» blei oppretta laurdag, og har tysdag morgon nesten 5000 medlemmar. På oppropssider på nett finst også kampanjen «Mistillit mot Daniel Haga – konstituert adm.dir. i Helse Midt» som hittil har fått rundt 2000 signaturar.

Underskriftskampanje Helse Møre og Romsdal

Denne kampanjen «Mistillit mot Daniel Haga – konstituert adm.dir. i Helse Midt» har fått over 1900 underskrifter på nett.

Foto: Skjermdump

Det stoppar ikkje der. Også «Tillit til Daniel Haga – konstituert adm. i Helse Midt» og «Utsett styrebehandlingen ang. nytt sykehus for Nordmøre og Romsdal» hentar folkeleg engasjement.

Politiske konsekvensar

Engasjement på nett kan få politiske konsekvensar, og det er nok nettopp det dei som står bak kampanjane håper på. Kalsnes seier forskinga også viser kven som engasjerer seg i nettaksjonar.

– Dei som bruker nettet mest aktivt i politisk samanheng er dei som er mest aktive reint generelt.

Skal ein oppnå endringar, nyttar det ikkje berre med underskriftsaksjonar på nett, meiner Kalsnes, og seier at ein bør vere aktiv både på dei nye og gamle kommunikasjonsformene.

– Forsking viser at ein får størst effekt viss ein engasjerer seg i ulike kanalar, slik som i politiske organisasjonar, media og på nett. Ein kanal åleine sjeldan nok for å få politisk endring.

Avgjerd 18. desember

Allereie 17. desember skal helseføretaket vedta plasseringa av det nye fellessjukehuset i Nordmøre og Romsdal. Alternativa er Hjelset i Molde, Astad i Gjemnes, eller Storbakken på Frei i Kristiansund.

Eigentleg skulle det kome ei anbefaling til sjukehusplasseringa onsdag 10. desember, men det kjem no ikkje til å skje på grunn av Eidsviks avgang. Heller ikkje administrasjonen vil levere ei innstilling i morgon. Styret kjem difor til å å vedta ei sjukehustomt utan innstilling.

Helse Midt-Norge skal etter planen gjere vedtaket 18. desember.