Hopp til innhold

Sjukehuset snur etter protestar – vil ikkje bruke sjukepleiarar som dørvakt

Vektarstreiken førte til at sjukepleiarar stod som dørvakter i Kristiansund. Det fekk Norsk sjukepleiarforbund til å reagere: – Bortkasta bruk av kompetanse.

Sjukehusvakter ved Kristiansund sjukehus

Vektarane som utfører besøkskontroll på Kristiansund sjukehus er i streik. Onsdag tok blant anna sjukepleiarar denne jobben, men det er det slutt på.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Siste: Vektarstreiken er over.

Onsdag skreiv NRK om at sjukepleiarar og andre tilsette jobba som dørvakter på Kristiansund sjukehus etter at vektarane blei tatt ut i streik. Dette var ekstravakter som var frivillige å ta.

I koronatida har sjukehusa begynt med dørvakter for å hindre at smitte kjem inn på sjukehuset. Vaktene spør alle om kva avtale ein har og om ein har symptom på luftvegsinfeksjon.

At sjukepleiarar gjorde denne jobben fekk Norsk sjukepleiarforbund til å reagere. Dei tok kontakt med Helse Møre og Romsdal for å få slutt på ordninga.

Trine Sevaldsen

Trine Sevaldsen er fylkesleiar for Norsk sjukepleiarforbund i Møre og Romsdal.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Sjukepleiarar har ein kompetanse som er brei og kompleks. Vi tenkjer at det er bortkasta å bruke den som dørvakt på eit sjukehus, seier fylkesleiar i sjukepleiarforbundet, Trine Bruseth Sevaldsen.

– Er det ei ekstrabelastning dei ikkje treng?

– Det kan du trygt seie. Sjukepleiarar har nok trykk både med den pandemien som foregår no, både på sjukehus og i kommunane no, seier Sevaldsen.

Hentar inn studentar

Helseføretaket har følgt oppfordringa, og onsdag er det ingen sjukepleiarar som jobbar med besøkskontroll i Kristiansund.

Georg Johnsen blir intervjua. Han er klinikksjef for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal

Georg Johnsen er klinikksjef for sjukehusa i Kristiansund og Molde.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Då har vi valt å respektere det, og planlagt vakthald utan sjukepleiarar. Vi har løyst den kabalen for nokre dagar framover no, seier klinikksjef Georg Johnsen.

No har føretaket henta inn fleire folk utanfrå til jobben. I tillegg er det frivillig for andre tilsette som ikkje er sjukepleiarar, til å ta ekstravakter.

– Det kan vere studentar eller andre som ønsker å jobbe litt ekstra. Førebels har vi god kontroll, så gjer vi fortløpande vurderingar for korleis vi skal løyse det framover.

Dørvakter Kristiansund sjukehus

Torsdag stod desse to i døra. Ole Hovdø (t.v.) er student og blei ringt i går for å steppe inn. Lorentz K. Lossius (t.h.) er vikar og tar ulike vakter på sjukehuset.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Streikar i tolvte veke

Den langvarige streiken er inne i si tolvte veke. Framleis er det ingen semje mellom Norsk Arbeidsmandsforbund og NHO handel og service.

Streiken har pågått i over to månader, og over 2000 vektarar er i streik over heile landet. Norsk Arbeidsmandsforbund sende denne veka over eit nytt forslag til løysning til NHO Service og Handel.