NRK Meny
Normal

Sjukehuset gir kreftpasientar hjelp til å stumpe røyken

Ved Ålesund sjukehus får alle kreftpasientar som skal ha cellegiftbehandling og strålebehandling tilbod om røykesluttpakke.

Ingeborg Kirkhorn

Sjukepleiar Ingeborg Kirkhorn har ansvaret for røykesluttprogrammet ved sjukehuset i Ålesund.

Foto: Øyvind Johan Heggstad / NRK

Ved kreftavdelinga i Ålesund skal Stine Davidsen Rolfsen frå Rauma i gang med si tredje av til saman 23 strålebehandlingar. Ho har røykt i 30 år, og visste ikkje at effekten av strålinga kunne bli redusert på grunn av røyken, før legen informerte henne. Ho fekk diagnosen bryskreft i oktober.

– For å vere ærleg, så har eg faktisk røykt heilt fram til for ei veke sidan, seier Rolfsen.

Då ho fekk vite kor stor helsegevinsten kunne bli av å stumpe røyken, takka ho ja til ein røykesluttpakke frå sjukehuset. Ålesund sjukehus er eit av få sjukehus i landet som har dette tilbodet.

Stine Davidsen Rolfsen

Stine Davidsen Rolfsen stumpa røyken etter at legen gav henne informasjon om helsegevinsten under strålebehandling.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Trøst og kos

Først tenkte Rolfsen at ho ikkje kom til å klare å kvitte seg med røyken, sidan den har følgt henne i så mange år.

– Eg tenkte at det har vore så mykje anna. Eg har vore gjennom operasjon, cellegift og er sliten. Røyken har vore kosen og trøysta, seier Rolfsen.

Ho måtte gå nokre rundar med seg sjølv og kjærasten før ho konkluderte med at ho burde gjere sin del for å bli frisk, når helsepersonellet gjer alt dei kan.

Betre effekt av behandlinga

Overlege Cecilie Soma Nordstrand trur mange ikkje er klar over kor stor forskjell røykekutt kan utgjere. Fleire internasjonale studier viser at dei som klarer å slutte å røyke før strålebehandlinga startar, får opp til 40 prosent betre effekt av behandlinga, og halverer risikoen for biverknader.

– Det vi ser er at mange pasientar med kreft er motiverte og spør oss kva dei kan gjere sjølv, seier Nordstrand.

Ho forklarar at stråling verkar best i vev som har godt med oksygen.

– Dei som røykar har dårlegare oksygenering i alt vev og det er nok hovudårsaka til at dei som røyker har dårlegare effekt av strålebehandlinga, seier Nordstrand.

 Cecilie Soma Nordstrand

Cecilie Soma Nordstrand er overlege ved sjukehuset i Ålesund.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

LES OGSÅ:

Plaster og tyggis

I røykesluttposen frå sjukehuset ligg det skriftleg materiell, nikotinplaster, nikotintyggegummi og sugetablettar.

For Rolfsen var informasjonen ho fekk avgjerande for valet ho tok. Ho meiner røykeslutt burde ha vore tema allereie den dagen pasienten får kreftdiagnosen, slik at ein får tid til å gjere seg klar.

– Dei første dagane utan røyk var kjempetøffe. Eg tygde tyggis som ein gal. Det tar tid å snu om tankane og ikkje tenkje røyk som kos. Det er ikkje gjort over natta, seier Rolfsen.

No håper ho at røykeslutten skal gi henne det beste resultatet