NRK Meny

Sjukehuset slepp dagbøter

Molde sjukehus får likevel ikkje dagbøter etter at dei bad om å avvike planane for brannsikring. Helseforetaket ville unngå nye tiltak fordi sjukehuset skal erstattast med det nye fellessjukehuset på Hjelset. Det var i midten av oktober at brannsjefen i Molde såg seg nødt til å true helseforetaket med dagbøter. No skriv rbnett.no at sjukehuset vil møte krava til brannsjefen.