Det seier eigedomssjef i Helse Nordmøre og Romsdal, Torleif Hjellset. Bakgrunnen for dei gode resultata er eit toårig prosjekt i regi av ENØK senteret i Møre og Romsdal.
Kristiansund flinkast
Hjellset seier at mange enkle tiltak har gitt store økonomiske vinstar. Alle sjukehusa i fylket er med i prosjektet, og så langt er det sjukehuset i Kristiansund som kjem best ut, med innsparingar på over ein million kroner det siste året.
Slår av lyset
Helse Nordmøre og Romsdal kjøper kvart år energi for heile 16 millioner kroner. Og difor kan enkle tiltak gi store økonomiske gevinstar. Hjellset seier at medarbeidarane på sjukehusa er bevisste og flinke til å slå av både lys og datamaskiner, og at det er viktige årsakar til dei gode resulatata.