Hopp til innhold

Sjukehus i spørretimen

Statsministeren fekk mange spørsmål om nye Molde sjukehus då han møtte i spørretimen i Stortinget i formiddag.

Fleire stortingsrepresentantar viste til det dei meinte er løftebrot frå Arbeidarpartiet.

Frp-representant Per-Arne Olsen meinte det berre var statsministeren og partisekretær Raymond Johansen som ikkje meinte det var gitt løfte.

- Det vil vere heilt urimeleg om vi forskjellsbehandlar eit prosjekt i Midt-Noreg framfor andre prosjekt eon annan stad i landet.