- Svanene var så sjuke at dei ville døydd av seg sjølve nokså fort. Det er ikkje vanleg at svaner døyr i dette området, og med tanke på risikoen for fugleinfluensa er det fast rutine å sende dei til undersøking, seier Astrid Vea Mork, leiar for Mattilsynet på Ytre Nordmøre.
Astrid Vea Mork sender døde svaner til Veterinærinstituttet. Foto: Heine Schjølberg
Bruk området som før
Vanndamman er eit mykje brukt turområde, og folk kan både fóre fuglane og bruke området slik dei er vant til, seier Astrid Vea Mork. Ein må vaske hendene dersom ein har vore borti fuglar eller fuglemøkk, men det er ein regel som ein alltid bør halde seg til.
- Både Mattilsynet og parkvesenet er ekstra på vakt akkurat no, seier Astrid Vea Mork. Ho ventar svar frå Veterinærinstituttet tidlegast onsdag.
Frisk svane ved Vanndamman. Foto: Heine Schjølberg